Foreslå høgskolens strategiske plan og handlingsplan for FoU og følgje opp styrevedtak
Avgjere i saker som angår strategiske prioriteringar (til dømes søknadar til UFD, og NFR, prioritering av midlar til paraplyprosjekt og dr.stip. stillingar osb.)
Vedta retningsliner for oppfølging og rapportering av FoU-prosjekt, stipendiatar, stimuleringstiltak osb.
Oppnemne personar til å delta i det sentrale FoU-utvalet og til strategiske utval/ grupper som jobbar med FoU-spørsmål innan IU, UNISKA m.m.
Det Sentrale FoU-rådet – samansetting:
Inntil 5 fagpersonar med erfaring frå forsking og forskingsleiing/forskingspolitikk, helst med førstekompetanse
1 doktorstipendiat
Rektor møter som observatør
FoU-sekretæren er rådets sekretær og førebur saker
Rådet konstituerer seg sjølv, med ein leiar som er ein av dei fem fagpersonane
Mandat
Det sentrale FoU-rådet skal vere HiGs ekspertorgan når det gjeld FoU og skal gi leiinga og dekanar råd på alle områder når det gjeld FoU og stipendiatprogram på HiG
Vere leiingas ressursutval i forhold til høgskolens strategiske plan og handlingsplan for FoU
Gi ein årleg vurdering av FoU-innsatsen innan utgangen av januar
Vere høgskolens etikkråd
Oppgåver for FoU-sekretær
Sekretær og saksførebuar for leiargruppa og FoU-rådet
Plan og rapporteringsarbeid i forhold til FoU (budsjettdokumentet for HiG og UFD)
Vedlikehalde rutinar for og følgje opp rapportering om HiGs doktorstipendiatar, paraplyprosjekt osb.
Innstille tildelingar av sentrale midlar til paraplyprosjekt og andre strategiske prioriteringar (til dømes søknadar til UFD, NFR, prioritering av dr.stip. stillingar osb.) til leiargruppa
Halde seg orientert i forhold til aktuelle forskingsprogram, inkludert rutinar for søknadsskriving og rapportering
Sekretær for arrangementskomiteen for forskingsdagane (innkalling, møteførebuing osb.)
Følgje opp at avtalt rapportering skjer til NFR
Ansvar for å arrangere Vitenforum
Dekanens ansvar
Fastsette FoU-strategi og handlingsplan på avdelingsnivå, og sette i verk denne innanfor Høgskolens samla plan og avdelingas rammer.
Rapportere avdelinga sin FoU-innsats (jmfr. Høgskolens årshjul)
Følgje opp stipendiatar i forhold til vedtekne retningsliner
Halde seg orientert i forhold til aktuelle forskingsprogram og få fram gode søknadar