FoU-prisen til Color and Media Computing Laboratory
Farge- og medieprosesseringsmiljøet ved HiG mottok FoU-prisen under Mjøskonferansen 2012 på Gjøvik gård. - Dette er ei fjør i hatten for alle forskarane ved laboratoriet.
- Eg trur at ein slik pris bidreg mykje til at folk får augene opp for den gode forskinga som utøvast på Color and Media Computing Laboratory, seier leiar for laboratoriet, Marius Pedersen.
Målet med prisen er å stimulere vidare forskning ved å rette merksemd mot FoU-arbeid ved å heidre og synleggjere fagleg, pedagogisk eller kunstnerisk arbeid av høg kvalitet. Prisen delast ut på grunnlag av dokumenterte resultat, og er ei belønning for verksemd som har bidratt til å fremje instutisjonens rolle og omdøme.
I dag er 20 personar involvert i forskinga som spreiar seg frå helseteknologi, restaurering av kunst og trykkvalitet i grafisk bransje til optimalisering av programvare og panteautomatar. -Miljøet er fantastisk! Vi har gjennom mange år levert forsking av høg internasjonal klasse og ved fleire høve fått merksemd for arbeidet vårt. Vi er særs stolte over dei sterke ressurspersonane og PhD studentane vi har i laben i dag, seier Pedersen.
- Høgskolen i Gjøvik har etablert seg som det sterkaste informatikkmiljøet utanfor dei opprinnelige universiteta, fastslo dekan ved Avdeling for Informatikk og Medieteknikk Morten Irgens under utdelinga.
På bilete ser vi Marius Pedersen, flankert av Førsteamenuensis Peter Nussbaum og Professor Jon Yngve Hardeberg motta prisen fra fylkets representant Kjetil Lundemoen.
