Høgskolen i Gjøvik

HiG > Om HiG > Om Gjøvik

Studentbyen ved Mjøsa

Nattbilde av Gjøvik

Med sine 27 344 innbyggjarar er Gjøvik den mest folkerike kommunen i Oppland. Men samanlikna med dei største byane i landet, har Gjøvik framleis idyllen til ein småby. Gjøvik veks og har etter kvart vorte ein betydeleg studentby. På Campus Gjøvik finn du i tillegg til Høgskolen i Gjøviks 2600 studentar også Fagskolen i Gjøvik med 800 studentar. Til saman har skolane i overkant av 3400 studentar, noko som gjev eit mangfaldig studentmiljø.

Studentliv

Ski i Hafjell Det er lett å vere aktiv på Gjøvik, og det finns eit variert utval av ulike studentgrupper og lag. Vi har skigruppa, fotogruppa, studentavisa, filmgruppa, klatregruppa og volleyballgruppa og mykje meir. Gjøvik har noko å tilby alle! På skoleområdet ligg òg eit eiga studenthus; "Huset" med arrangement som konserter, temafester med meir.

Innbyr til friluftsliv

Både Mjøsa og marka rundt byen innbyr til eit aktivt friluftsliv. I tillegg finn du òg eit flott badeanlegg midt i byen; Fastland. På vinterstid kan du nytte deg av det flotte skiterrenget rundt byen, med eitt av dei beste løypenetta i landet. Føretrekk du alpint, telemark eller snowboard, er vegen kort til Hafjell og Kvitfjell. Bynamnet Gjøvik kjem av Djubvik, fordi byen ligg vakkert til i ei vik heilt nede ved Mjøsa, den største innsjøen i landet. Klimaet er stabilt. Når det er vinter er det kaldt og mykje snø, og om sommaren er det tørt og varmt. Landskapet rundt byen vekslar mellom grøne grasgangar, bølgjande åkrar, skog og åsar.

Sentralt

Gjøvik er sentralt plassert i hjarte av Austlandet. Det er kort veg til Gardermoen, og avstanden til Oslo er berre 13 mil. Nabobyane Lillehammer og Hamar er ein halvtimes køyretur unna. Kommunikasjonssambanda er gode.

Sindre Lom_ishockey Musikk, teater og idrett

Gjøvik har lange tradisjonar som handels-, industri- og utdanningssentrum, og er prega av eit aktivt kulturliv. Musikk og teater står sterkt, og byen har eit aktivt idrettsmiljø. Under vinter-OL i 1994 stod byen i fokus som arrangør av ishockeykampar i den nye "storstova"; Gjøvik Olympiske Fjellhall. Fjellhallen husar no både lokale og tilreisande kulturarrangement – frå ballett til rock, i tillegg til ei rekke nasjonale og internasjonale idretts- og kulturarrangement. Mellom anna har den tilført byen eit veksande ishockeymiljø. Distriktet kan òg by på eit damehandballag i 1. divisjon og fotballag for menn i 2. divisjon. Både toppidrettsutøvarar og mosjonistar har topp treningshøve innandørs og utandørs.