Lokalt internasjonaliseringsarbeid
2011-2012
-
SMF1161
- 5sp
Forutsetter bestått
Minimum eitt semester må vere fullført ved HiG eller HiL.
Forventet læringsutbytte
Studentane skal:
- Tileigne seg kunnskapar om internasjonalisering av høgare utdanning.
- Gjere seg kjend med HIL/HiG sine internasjonaliseringsstrategiar.
- Tileigne seg teoretiske kunnskapar om og praktiske kunnskapar i nettverksbygging.
- Få auka kulturforståing.
- Betre språkkunnskapane sine. Dette gjeld fyrst og fremst engelsk, men gjerne også andre språk.
- Lære å planleggje og gjennomføre aktivitetar (inkl. å lage budsjett og føre rekneskap).
Emnets temaer
- Fadderkurs med fokus på internasjonalisering, samarbeid, problemløysing, interkulturell kommunikasjon og praktisk tilrettelegging for innreisande utvekslingsstudentar
- Mottak og oppfølging av innreisande utvekslingsstudentar
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for internasjonale studentar
Pedagogiske metoder
Forelesninger
Gruppearbeid
Praksis
Vurderingsformer
Annet
Vurderingsformer
Som avslutning på emnet skal det leverast ein rapport på ca. 2000 ord. I rapporten skal studentane: -Reflektere over kva dei har lært. -Gjere greie for kva dei vurderer som særskilde utfordringar i samband med mottak av internasjonale studentar, og korleis desse utfordringane best kan møtast. -Gi nokre forslag til kva som kunne vore gjort annleis frå internasjonalt kontor si side. -Kome med nye idéar til aktivitetar for internasjonale studentar (med grunngiving for kvifor nettopp desse aktivitetane bør gjennomførast). Studentane blir evaluerte på bakgrunn av den praktiske gjennomføringa av emnet, deltaking på dei obligatoriske aktivitetane og rapporten.
Karakterskala
Bestått/Ikke bestått
Sensorordning
To interne sensorer
Obligatoriske arbeidskrav
-Deltaking på fadderkurset -Godkjend plan for gjennomføring av emnet -Deltaking på aktivitetar og på møte med internasjonalt kontor -Praktiske oppgåver i samband med mottak og oppfølging av utvekslingsstudentar.
Læremidler
Vil bli oppgitt ved emnestart
Supplerende opplysninger
Det vil vere eit avgrensa opptak som blir fastsett etter behov for kvart enkelt semester. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Søkjarane blir rangerte etter følgjande kriterium (i tilfeldig rekkjefølgje): -Gjennomført delstudium i utlandet -Tidlegare og noverande tillitsverv -Språkkunnskapar -Karaktergjennomsnitt frå HIL/HIG -Studieprogresjon -Personlege eigenskapar
Fleire opplysningar om emnet er å finne i informasjonsskriv frå internasjonalt kontor.
A limited number of students will be admitted to the course (the number depends on the number of incoming international students in each semester). Qualified applicants will be invited to an interview. The applications will be assessed based on the following criteria: Completed period of study abroad, language skills, grade average, study progression, organisation experience, personal skills.